Reigstad Bygg og Eigedom AS vart etablert i år 2000. Verksemda er ei familiebedrift som består av 4 brør der alle er aktive i den daglege drifta. Verksemda byggjer for det meste leiligheiter og hus for salg. Me tilbyr også noko arkitekt og prosjekteringstenester, samt byggesak/byggesøknader.
Vi har sidan oppstarten i 2000 oppført mange hus og leiligheter. Vi var også eit av dei første firma i nordhordland som sette fokus på uteareala. Muring og lettstelte/planerte uteareal har vist seg å vera eit gode i konkurransemarknaden. Reigstad Bygg og Eigedom AS kan etter oppstarten i år 2000 visa til gode økonomiske resultat.
Kontorlokala våre er i Gjervik, 1 km øst for Knarvik Senter.